Røyster mellom to land

Vågespel

Som eit lappeteppe presenterer Vågespel ein mosaikk av forteljingar, kvar ei fargerik scene frå liva til kvinner som utvandra frå Vestlandet til Amerika mellom 1825 og 1925. Henta frå brev, dagbøker og lydfesta intervju teiknar mosaikken eit samansett bilete av liv levde mellom to verdar – liv forma av arbeid og song, tap, von og tru.

Your subscription could not be saved. Please try again.
Your subscription has been successful.

Nyhendebrev

Vil du følgje oss vidare? Meld deg på nyhendebrevet og få oppdateringar.

Vågespel frå scenen

Komande framsyningar

Planlagde datoar og stadar blir publiserte fortløpande. Følg med – fleire framsyningar blir lanserte snart.

15.09 Sola ruinkyrkje kl 19:30

18.09 Tysnes, dkss

20.09 Kulturbedehuset Fredheim, Vinnes kl 17:00

22.09 Sandnes Kyrkje, Masfjorden kl 18:00

24.09 Tysnes, dkss

4.10 Odda Litteratursymposium kl 12:00

11.10 Fana Kulturhus kl 18:00

13.10 Sunnhordland museum kl 19:00

21.10 Kunsthuset Kabuso kl 13:00

22.10 Haus kyrkje kl 19:00

Nyhende og oppdateringar

Aktuelt

  • Haustturneen er i gang!

    Haustturneen er i gang!

    No er me endeleg på vegen med Røyster mellom to land! Haustturneen starta 13. september i Kulturkyrkja på Onarheim, og gjennom september og oktober tek me framsyninga vidare til nye stader og møte med nytt publikum. Hausten 2026: SEPTEMBER 13.09 – Kulturkyrkja Onarheim15.09 – Sola ruinkyrkje kl. 19.3018.09 – Tysnes, DKSS – tilpassa utdrag20.09 –…

  • Hugs kvinnene! – nytt opplag er her!

    Hugs kvinnene! – nytt opplag er her!

    Me er glade for å kunne fortelja at Hugs kvinnene! – Sådd i fortida, hausta i framtida no er trykt i nytt opplag! Boka løfter fram sterke og ofte lite kjende historier om norske kvinner som utvandra til Amerika – kvinner som sette spor, men som ikkje alltid fekk den plassen i historia dei fortener. No…

  • Speledatoar — Vågespel tek scena!

    Speledatoar — Vågespel tek scena!

    No byrjar det verkeleg å ta form! Speledatoar for Røyster mellom to land, konsertframsyninga bygd over stemmene frå Vågespel, er no klare — og fleire kjem snart.  Framsyninga opnar med premiere 8. mars 2026 i den historiske Emigrantkyrkja på Radøy.  Etter det går Vågespel vidare til nye arenaer: 18. mars – Galleri N. Bergslien, Eidfjord4.–7. juni – Sandnesfest, Masfjorden (datoar og billettar kjem)13. september – Utstein kloster, Stavanger8.…

Kvinnene var der

Alt i Vågespel starta med desse kvinnene.

Dei stod der i kjeldene – ikkje som store overskrifter, men som levde liv. Mellom falma blekkstrekar fann me spor av dei: mødre som fødde born på opne hav, døtrer som kryssa prærien med støv i håret, kvinner som bar framtida medan verda velta rundt dei.

Me fylgde desse spora.
Og medan me leita etter dei, dukka fleire kvinner opp – som om dei ropte frå kvar si tid, kvar si jord, kvar si forteljing. Éi røyst leidde til ei anna. Eit liv opna døra til neste. Slik vaks Vågespel: frå ei handfull skjebnar til eit kor av kvinnestemmer.

Desse kvinnene er kjernen.
Utgangspunktet.
Rotfestet me alltid vender attende til.

Gjennom podkasten, artiklane, boka – og no musikken og framsyninga – ber dei oss vidare. Dei syner at historia ikkje berre er forteljingane me arvar, men forteljingane me finn når me verkeleg lyttar.

Det er dei som held tråden.

Me er dei som nøstar.

Sådd i fortida, hausta i framtida – ei forteljing om dei store linene bak Vågespel

Vågespel vaks ikkje fram frå enkelt liv – men frå ei rørsle som strekte seg over hav, århundre og samfunnsskifte. Når me leita i brev, dagbøker, og intervju frå norske utvandrarkvinner, oppdaga me fort at liva deira låg som små frø i ei langt større jord: den norske og amerikanske kvinnehistoria.

Denne teksten syner bakteppet deira.
Krafta dei stod midt i – og krafta dei var ein del av.

For medan Gjertrud, Lina, Margreta og dei andre bygde sine liv på prærien eller i byane, vart det andre stader kjempa kampar som forma verda dei levde i: røyster som kravde rettar, kvinner som sprengde grenser, revolusjonar som starta i det stille – ved eit kjøkenbord, i eit klasserom, på eit torg.

Her møter du dei historiske straumane som rann under og rundt utvandrarkvinnene. Kven som bar fakkelen før dei, kven som gjekk ved sida av dei – og kven som kom etter.

Ei reise mellom to land.
Ei reise mellom to kvinnehistorier.
Ei reise som endå ikkje er over.