Framsyning

Røyster mellom to land er ei konsertframsyning om kvinnene frå Vestlandet som i perioden 1825–1925 valde – eller av ulike grunnar måtte – leggja ut på den lange reisa til Amerika.

Gjennom song, forteljing og nykomponert musikk vert publikum tekne med frå små vestlandsbygder til Atlanterhavet og vidare til eit nytt kontinent. Framsyninga byggjer på brev, dagbøker, historiske kjelder og folkeminne, og løfter fram livshistorier som sjeldan har fått plass i dei store forteljingane om utvandringa.

Her møter me unge jenter med draumar om eit anna liv, mødre som tek farvel med familien, kvinner som byggjer nye heimar, og menneske som lever med saknet etter det dei forlét. Historiene rommar både mot, kjærleik, humor, sorg og håp – og minner oss om kor tidlause menneskelege erfaringar kan vere.

Musikken er skriven spesielt for framsyninga og bind saman folketonar, nyskrivne komposisjonar og forteljingar til ei heilskapleg scenisk oppleving.

Song, piano og forteljing skaper eit nært møte mellom publikum og dei historiske stemmene.

Røyster mellom to land er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som vart produsert under det nasjonale utvandrarjubileet i 2025. I konsertframsyninga får forteljingane nytt liv gjennom levande musikk, scenisk nærvær og eit sterkt samspel mellom ord og tonar.

Medverkande

  • Reidun Horvei – song og manusutvikling
  • Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
  • Inger-Kristine Riber – piano, komponist og manusutvikling
  • Katherine Jane Hanson – manusutvikling

Komande framsyningar:

20 sep
SUN

5:00 PM – 6:30 PM

Røyster mellom to land

Fredheim kulturbedehus, Fusa

Billett i døra

22 sep
TYS

6:00 PM – 7:30 PM

Røyster mellom to land

Sandvik kyrkje, Masfjorden

Billett i døra

04 okt
SUN

12:00 PM – 1:20 PM

Røyster mellom to land

Odda kino, Litteratursymposium

11 okt
SUN

6:00 PM – 7:30 PM

Røyster mellom to land

Fana Kulturhus

13 okt
TYS

7:00 PM – 8:30 PM

Røyster mellom to land

Sunnhordland Museum – Leirvik

Bill info kjem

21 okt
ONS

1:00 PM – 3:00 PM

Røyster mellom to land

framsyning + introduksjon av prof. emeritus Gunnstein Akselberg

Kunsthuset Kabuso

22 okt
TOR

7:00 PM – 8:30 PM

Røyster mellom to land

I samarbeid med Haus kulturminnelag