Veven frå Myklebust

Randi Benedikte Brodersen

– sosiolingvist og skribent med over 35 års erfaring som universitetslærar og forskar i Skandinavia og Europa. Ho har undervist og forska ved universitet i mellom anna Noreg, Danmark, Sverige, Island, Nederland og Tyskland. Forskinga hennar handlar om språk, identitet og samfunn, med særleg vekt på språkbruk, språkhaldningar og akademisk skriving. Brodersen har publisert ei rekkje bøker, artiklar og omtalar i skandinaviske og internasjonale tidsskrift.

”Det var veslejulaftan, og jula sat i kvar krok av garden. Lutefisken var lagt i bløyt og julekakene stod i rad og rekkje i kistekvelven. Over omnen hang lefser til tørk, og i det vesle kammerset stod sekken med klementinar og valnøtter gøymd bak det gamle symaskinskapet. ” (s. 100 i Hugs kvinnene!).

Anna er 9 år og fejrer den sidste jul på forældrenes gård i Uskedalen, på Folgefonnhalvøya, sammen med mor, far og søskende: 

”Ho hugsar enno korleis ho og systera fekk kvar sin heimesydde kjole med blondekrage. Nye strømper og nye sko stod ved senga. Mor sa alltid at det skulle vera nytt når barnet i krubba kom. Rein kropp, reine klede, rein tanke. 

Dagen før jul song ho «Her kjem me dine arme små…» saman med mora i vevstova. Mora sat ved veven, medan Anna sat på ein krakk og beundra hendene som arbeidde utan å sjå ned. 

Versa vart vovne inn i trådane. Inga klokke trongst i huset – det var rytmen i bakinga, vevinga og songen som viste kva tid det var. 

På julekvelden slo kyrkjeklokkene i Rosendal. Dei kunne høyrast heilt til Uskedalen, som eit ekko over fjorden. Familien sat samla. Faren las juleevangeliet. Han la hendene sine over bordet og bad. Det var stille, og julesnø. 

Etter middagen song dei rundt treet. Det var pynta med levande ljos, norske flagg og heimelaga korger. Og under treet: små, nyttige gåver, sydde, strikka eller snikkra med kjærleik. 

Den jula visste ikkje Anna at det var siste gongen ho skulle sjå far sin lese juleevangeliet. Men i ettertid tenkte ho at ho hadde kjent det på ein måte: at noko var heilagt i rommet den kvelden. Ho hugsar korleis mora strauk henne over håret og sa: – Ta vare på songen, Anna. – Og gløym aldri ljoset i desember. ”  (s. 100).

Anna rejser til Amerika i 1914, 21 år gammel, for at passe brorens børn. Han og familien bor i Rosalia, Washington. Senere flytter Anna til Idaho. Dér bliver hun gift med John Raymond Tobiason. Anna og John slår sig ned i Longview og driver købmandsbutik i 29 år. Så flytter de til Tacoma. Anna er aktiv i det lutherske kirkeliv i Amerika. 

Som mange andre udvandrede kvinder bliver Anna Tobiason ved med at holde fast ved norske traditioner, og hun har også kontakt med slægt og familie i Norge hele sit liv. 

I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.


Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.

meir…

I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet. 

Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025

Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.