Me er glade og takksame for å kunne dele at prosjektet Vågespel har motteke eit viktig bidrag frå Sparebanken Norge. Stønaden er er eit vesentleg løft som hjelper oss vidare i arbeidet med å realisere turneen vår .
Me hadde heller ikkje fått denne stønaden utan vår gode samarbeidspartnar Vestnorsk Utvandringssenter. Det set me svært stor pris på.
Stønaden gjer det mogleg for oss å ta Vågespel ut til fleire stader i Vestland og Rogaland, og møte publikum med historiene til norske utvandrarkvinner – fortalt gjennom musikk, forteljing og visuelle uttrykk som bind saman fortid og notid.
Me ser fram til å dele Vågespel med endå fleire i året som kjem.

