Stipend frå Creo Vestland Stipendfond til Vågespel

Me er glade og takksame for å kunne dele at Vågespel har motteke stipend frå Creo Vestland Stipendfond. Stønaden gjer det mogleg for oss å utvikle og skape den sceniske framsyninga Vågespel – eit prosjekt der musikk, forteljing og visuelle uttrykk løftar fram dei sterke historiene til norske utvandrarkvinner. Me ser fram til å realisere Vågespel i året som kjem og til å dele denne viktige historia med publikum.