Måneskinet skar inn i rommet, tre små skuggar sat saman på golvet. Barn. Skitne kinn, skjelvande hender, hår som var ein floke av kaos. (s. 35 i Hugs kvinnene!) Det eldste barnet er Charlotte Sofie Nilsen. Foreldra hennar utvandrar til Amerika i 1882. Utan Charlotte. Ho lærer seg «å verta usynleg» – slik som den usynlege jenta hjå Gro Dahle og Svein Nyhus i biletboka Snill (2002).
Charlotte flyttar til Bergen og møter kjærleiken. I 1899 giftar ho seg med Carl Fredrik Vik. Charlotte Vik og mannen hennar får fire barn saman og driv gartnarforretning i Årstad.
«Barna hennar skal aldri vite kva ho har opplevd. Dei skal berre kjenne kjærleik og tryggleik.»
(s. 37)
Charlotte døyr i 1930, 51 år gammal. Men dottera Ruth Charlotte Vik ber namnet til mora – og faren – med seg vidare inn i neste generasjon og framtida.
I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.
Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.
meir…
I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet.
Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025
Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.


