– «Det var eit eventyrleg liv. Våren og hausten i Chicago, vinteren i Florida, sommaren i Europa […]. Etter år med reiser, luksus og ein kvardag som såg ut som noko henta frå ein roman, kom det ein dag då Severine kjende det i kroppen: No måtte ho heim.» Sitatet gjev eit glimt av livet til Severine som selskapsdame i Amerika, og er henta frå boka Hugs kvinnene! (2025) av Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei (2025, s. 29). Boka skildrar ein tidlegare oversett del av norsk utvandringshistorie i perioden 1825–1925.
Severine Seljestad var éi av over 750 000 nordmenn som utvandra til Amerika i perioden 1836–1915 (Store norske leksikon). Ho var òg ei av dei som reiste heim att, og ho er éi av dei ti kvinnene som får liv og røyst i Hugs kvinnene!
I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.
Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.
meir…
I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet.
Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025
Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.


