Sigfrid Ohrt er ti år gamal då ho utvandrar til Amerika saman med mor si og syskena i 1901, etter at faren hadde reist i førevegen – på flukt frå gjeld, politi og tvangsauksjon. Sigrid byrjar på skule. «Skulen var annleis. Språket endå meir. Læraren forbaud norsk» (s. 43 i Hugs kvinnene!).
Dette liknar det samar opplevde i Noreg frå midten av 1800-talet og heilt fram til ei ny lov i 1959 tillét bruk av samisk som skulespråk. Men også etter dette vart samiske barn straffa for å snakke samisk.
Sigfrid «sakna fjorden, fjellet, bestefar si røyst» (s. 44), og bestefaren som song «Ride, ride, ranke» for henne. Ho gifter seg og får fire barn som får engelske namn og berre snakkar engelsk. Ho har «ikkje tid til å halde språket ved lag» (s. 45).
Sigfrid vitja Noreg i 1971 – som så mange andre Amerika-utvandrarar – og døyr i 1985, etter å ha budd det meste av livet sitt i Amerika: i Bremerton, der ho dreiv hotell, og i Tacoma, Lynnwood, Seattle og Bellingham.
I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.
Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.
meir…
I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet.
Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025
Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.


