Reisefeber

– Eit år i Amerika, fyrste verdenskrig og retur til Noreg

Randi Benedikte Brodersen

– sosiolingvist og skribent med over 35 års erfaring som universitetslærar og forskar i Skandinavia og Europa. Ho har undervist og forska ved universitet i mellom anna Noreg, Danmark, Sverige, Island, Nederland og Tyskland. Forskinga hennar handlar om språk, identitet og samfunn, med særleg vekt på språkbruk, språkhaldningar og akademisk skriving. Brodersen har publisert ei rekkje bøker, artiklar og omtalar i skandinaviske og internasjonale tidsskrift.

Elise Myklebust frå Valdalen reiser til Amerika i 1914, 21 år gammal, saman med systrene Line og Karoline, som har kome heim på vitjing – kledde i glinsande kåper og hattar med sløyfer. Portland i Oregon er staden. Karoline skaffar Elise arbeid hos ein rik familie. Elise kan ikkje eit ord engelsk. Frua i huset ringer til Karoline, som står til teneste som tolk: ”Du skal lage pie. […] Med eple. Og fløyte. Og så skal du dekka bordet. Slik byrja det.” (s. 70 i Hugs kvinnene!).

Elise møter Oskar Myklebust. Oskar har vore lenge i Amerika og har fått ein amerikansk rytme i talemålet sitt. Dei gifter seg. Elise blir gravid. Saman opplever dei eit år i Portland. Så bryt første verdskrigen ut. Elise og Oskar reiser attende til Noreg og tek over slektsgarden til Oskar på Sunnmøre. I helgene bakar Elise pie. Oskar likar best den med eple. Elise ber draumen om Amerika i hjartet sitt.

Med første verdskrigen kom dyrtid, rasjonering og arbeidsløyse. Krigen fekk mange utvandra nordmenn til å ta det same valet som Elise og Oskar: retur til Noreg.

I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.


Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.

meir…

I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet. 

Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025

Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.