«Prestekona» – med norske rødder og fire døtrer

Randi Benedikte Brodersen

– sosiolingvist og skribent med over 35 års erfaring som universitetslærar og forskar i Skandinavia og Europa. Ho har undervist og forska ved universitet i mellom anna Noreg, Danmark, Sverige, Island, Nederland og Tyskland. Forskinga hennar handlar om språk, identitet og samfunn, med særleg vekt på språkbruk, språkhaldningar og akademisk skriving. Brodersen har publisert ei rekkje bøker, artiklar og omtalar i skandinaviske og internasjonale tidsskrift.

Pernille Henrikke Blomelie forlader Aga på Fitjar i 1916, 23 år gammel, og rejser til Amerika, hvor hendes mor og søskende allerede bor. 

Pernille møder Olaf Blomelie. De bliver gift i 1919. Han bliver præst. Hun er nu præstekone Nellie. De tjener sammen i flere missionskirker og flytter til Alberta, i Canada:

Det er julaftan, og vinden trakk gjennom veggane. Dei hadde tent opp i omnen, men veden var rå, og flammen flakka med eit svakt ljos. Ho gjekk bort til vindauga og såg ut over dei kvite slettene. Alberta låg som eit islagt land, gløymt av både Gud og folk. Mannen hennar var alt på veg til neste kyrkjelyd, og ho visste ikkje om han ville koma att i morgon eller neste veke, eller om han ville koma att i det heile. Vegen var lang. Fire kyrkjer over hundre mil.» (s. 100 i Hugs Kvinnene!)

Nellie og Olaf får sammen fire døtre: ”Dei var hennar livsverk”:

«Og jentene – ja, dei klarte seg. Alle fire. Den eine spelte orgel i kyrkja i Portland. Den andre arbeidde i bank, med styrke i blikket og orden i papira. Den tredje budde i Tacoma, ho som alltid hadde vore den mest varsame. Og den fjerde, ho var blitt sjukepleiar, med varme hender og klare svar. Dei var hennar livsverk. Dei var hennar sigerssong.» (s. 109).

I Tacoma i 1968 dør Nellies mand Olaf. Samme år besøger Nellie Norge for første gang, efter mere end 50 år i Amerika. ”Ho la handa på bringa og kviskra for seg sjølv: Eg kom aldri heim – men eg bar heimen med meg.” (s. 110).

Pernille – eller Nellie – holdt som mange andre udvandrerkvinder fast ved sine norske rødder i Amerika. 

I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.


Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.

meir…

I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet. 

Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025

Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.