PRESSEMELDING

Premiere på “Røyster mellom to land” i Emigrantkyrkja – 8. mars 2026

Sundag 8. mars 2026, på sjølve kvinnedagen, vert det premiere på konsertframsyninga “Røyster mellom to land “ i Emigrantkyrkja, Sletta. Publikum vert med denne framsyninga invitert inn i ei sterk og poetisk forteljing om ulike kvinner frå Vestlandet som utvandra til Amerika – og om arbeidet, motet og draumane som bar dei gjennom store livsendringar.

Røyster mellom to land er ei konsertframsyning som kombinerer forteljing, song og musikk og levande historisk kjeldemateriale. Gjennom brev, dagbøker og munnlege forteljingar møter me kvinner som i perioden 1825–1925 valde, eller måtte av ulike grunnar, reisa frå Noreg for å skape seg eit nytt liv på andre sida av Atlanteren. Nokre reiste åleine, andre i lag med familie, men alle bar med seg språk, arbeid, tru og eit sterkt ynske om å skapa eit nytt liv i Amerika.

Framsyninga opnar i dei kvardagslege handlingane i Noreg som heldt ein heim saman. Derifrå vert publikum gradvis teke med på reisa – til bryggja, koffertane, avskilen og den uvisse framtida. Med både varme, humor og alvor skildrar framsyninga møtet med tronge lugarar, uvêr, lange togturar og dei første stega inn i eit nytt kontinent.

På scena står fylkesmusikar Reidun Horvei, song  og foreljar Johanne Øvstebø Tvedten, medan pianist/komponist  Inger-Kristine Riber har ansvar for musikk, lyd og dei digitale kulissane. Saman skaper dei eit nært og stemningsfullt univers der kvinneerfaringar, som ofte har lege i skuggen av dei store historiene, får stå i sentrum.

At premieren finn stad nett 8. mars, er eit medvite val. Røyster mellom to land lyftar fram kvinnearbeid, kvinnefellesskap og dei stille kreftene som bygde både heimar og samfunn – på begge sider av havet. Emigrantkyrkja på Sletta skapar ei historisk og symboltung råme rundt framsyninga.  I samband med premieren vil professor emeritus Gunnstein Akselberg halda ei innleiing i tilknyting til framsyninga.

Framsyninga varer om lag 70 minutt.

Tid og stad:
Premiere: Sundag 8. mars 2026 kl. 17:00
Stad: Emigrantkyrkja, Sletta.

Meir informasjon om framsyninga og arrangementet finst på MuHo si nettside.