Sådd i fortida, hausta i framtida

Ei hyllest til norske og amerikanske kvinnelege pionerar i høve kvinnedagen 8. mars og utvandrarjubileet 2025

Leser no:

Sådd i fortida, hausta i framtida

Sådd i fortida, hausta i framtida

av Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

Den amerikanske og norske kvinnesoga har vakse fram, som to elvar som svingar seg gjennom historia. Nokre gonger flyt dei saman, andre gonger renn dei i kvar sin dal, men alltid mot havet av rettferd. Dei er ei forteljing om mot, om uthald, om kvinner som ikkje lét seg stogga.

Amerika, 1776: Abigail Adams, visjonær og skarp i pennen, skriv til ektemannen sin, John Adams. "Hugs kvinnene!" krev ho. "Elles gjer me opprør." Ho såg langt fram, lenger enn dei fleste. I Noreg, 1814: Menn får stemmerett. Kvinnene? Endå ein gong utelatne. Men dei ventar ikkje. I 1818 kjem den fyrste jordmorskulen, og ein ny veg vert staka ut. Kvinner tek seg inn der dei kan, ein stille revolusjon i kvardagen.

1848, Seneca Falls, Amerika: Elizabeth Cady Stanton og Lucretia Mott samlar 300 menneske, lyfter stemmene sine. "Kvinner har rettar!" Dei skriv det ned, seier det høgt. Samstundes i Noreg: Einslege kvinner får drive handel, men gifte kvinner må framleis finne seg i å vera umyndige. Nokre år seinare sit Camilla Collett ved skrivebordet, ser ut vindauga, sukkar djupt – og set orda fri i "Amtmandens Døtre".

1851: Sojourner Truth reiser seg. "Ain’t I a woman?" spør ho. Verda held pusten. I Noreg: Aasta Hansteen, den urokkelege, tek ordet i Paris. Begge talar for dei som ikkje har fått sleppe til. Dei veit at ord kan flytte fjell, og dei sår frø som seinare vil bryte opp steinharde strukturar.

1865, Amerika: Maria Mitchell, ein pioner innan vitskap, vert professor i astronomi ved Vassar College (New York). Ho banar veg for kvinner i akademia, syner at kunnskap ikkje kjenner kjønn. Fyrst 18 år seinare, i 1882, opnar Universitetet i Noreg dørene for kvinner. Dei trer inn i rom som før var lukka, lyftar seg inn i ei framtid der læring skal vera for alle.

1879: Henrik Ibsen set Noreg i kok med "Et dukkehjem". Nora går ut døra, og ho snur seg ikkje. Ho har endeleg sett at ho ikkje kan leva eit liv som ikkje er hennar eige. Ti år etter, i 1889, streikar fyrstikkarbeidarane i Noreg for betre løn og arbeidstilhøve. Det var dei som tente lys for andre, men som no nekta å la seg brenne ut.

1920: Amerikanske suffragettar vinn kampen. Stemmerett! I Noreg har kvinnene allereie stemt sidan 1913. To land, to vegar, men same kamp. Steg for steg, stein for stein, vert grunnen jamna for ei friare framtid. Så kjem dei som sprengjer grenser. Amelia Earhart flyg over Atlanteren i 1932, høgt over gamle forventningar. Eit halvt hundreår seinare vert Gro Harlem Brundtland Noregs fyrste kvinnelege statsminister i 1981, eit nytt landskap opnar seg. Sandra Day O’Connor vert den fyrste kvinnelege høgsterettsdommaren i USA same året. Nye dører vert opna, nye moglegheiter vert skapt.

1960-talet: Feminismen blømer i USA, Betty Friedan skriv "The Feminine Mystique" og kvinner kjenner seg sjølve att. I Noreg stridst kvinner for sjølvbestemt abort, for lik løn, for retten til å vera seg sjølve. Title IX i USA, likestillingslova i Noreg. Framtida skiftar farge.

Så kjem #MeToo, i 2017, ei bylgje av røyster, ei kraft som reiser seg frå Hollywood til Stortinget, frå Washington til Oslo. Kvinner seier "Nok er nok". Kamala Harris vert visepresident i USA i 2021, eit symbol på den lange reisa. I Noreg har kvinner hatt maktposisjonar i fleire tiår. To vegar, same retning.

Historia er ikkje ferdigskriven. Taket av glas er sprukke, men ikkje heilt knust. "Når det ikkje er noko tak, er himmelen grensa," sa Hillary Clinton ein gong. Kanskje er det sant. Kanskje vil framtida sjå attende på desse kvinnene, ikkje berre som pionerar, men som dei som la grunnlaget for ei verd der likskap er ein sjølvsagd realitet – både i USA og i Noreg. Dette er ei hyllest til dei som gjekk føre, og ei påminning om at historia stadig vert til.

Bilete for illustrasjon: Kvinnesaksmøtet i 1902, arrangert av Norske Kvinners Sanitetsforening. Åpning i Universitetets gamle festsal ved Fredrikke Marie Qvam. Foto: Severin Worm-Petersen/Norsk Teknisk Museum.

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.