Kvinnedagen: Ei hyllest til dei som Våga

Pressemelding

Leser no:

Kvinnedagen: Ei hyllest til dei som Våga

Kvinnedagen: Ei hyllest til dei som Våga

Av Vågespel

Det er ein tankevekkjar at me i 2025 feirar 200-årsjubileet for den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Samstundes er migrasjon eit av dei mest betente tema i vår tid. Å lyfte fram utvandringshistoria handlar ikkje berre om å minnast fortida, men å sjå parallellar og skilnader mellom dåtid og notid.

I 2025 feirer me ikkje berre kvinnekampen på 8. mars, den internasjonale kvinnedagen—me heidrar også historia til dei som våga, våga å bryte opp fra det kjende, våga å reisa over havet, våga å byggja eit nytt liv. Vågespel, ein ny podkast, tek oss med på reisa til den norske kvinna som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Kven var desse kvinnene? Kva dreiv dei til å forlate alt dei kjende, og kva møtte dei på den andre sida av havet?

Mykje er skrive om den norske utvandringen til Amerika, men oftast om nordmennene som rydda land og bygde byar, medan historia om kvinnene har levd i skuggen. Med Vågespel vil me lyfta fram desse forteljingane. "Me vil gje stemme til dei som ikkje fekk like stor plass i historiebøkene," seier Reidun Horvei. "Me får høyra kvinnene sine eigne ord, ført i eigen penn og farga av eigne opplevingar".

Kvinnene som kryssa havet

Me møter kvinner som Marta Georgina Larsen, som fødde eit barn på overfarta til Amerika i 1825, Guri Endreson Rosseland, som overlevde Sioux-opprøret i 1862 og Caroline Dorothea Preus, som dokumenterte pionerlivet med penn og papir. Dei var bønder, tenestejenter, lærarar og handelskvinner. Dei bygde samfunn, dyrka jord og heldt liv i tradisjonane sine medan dei skapte noko nytt.

Gjennom historiske kjelder; dagbøker, brev og forteljingar gjev Vågespel eit nært og levande bilete av desse kvinnene sine liv.  "Dei var sterke, dei var sjølvstendige, og dei skapte noko varig", seier Inger-Kristine Riber.

Eit døme på dette finn me i tankane til prestekona Caroline Dorothea Preus, som skreiv i dagboka: "Det er ofte jeg tenker på de mange fordelene som menn har overfor kvinner. Men hvorfor skal vi ikke utvikle våre evner likt!"  Desse orda speglar både frustrasjon og innsikt som mange av kvinnene i ulike deler av 1800-talet bar med seg. Det er ein tankevekkjar at den fyrste kvinnelege professoren i Amerika, Maria Mitchell, vart tilsett i 1865, medan kvinner i Noreg først fekk sleppa til som studentar på universitetet i 1882.

Fakta om Vågespel

Vågespel er ein podkast som lyftar fram historia om den norske kvinna som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925.  Gjennom utdrag av brev og dagbøker skrivne av 8 kvinner vert forteljingane sett inn i ein historisk råme.

Lanseringsdato: 8. mars 2025

  • Antall episodar: 10
  • Innhald: forteljingar, dramatiseringar og autentiske kjelder
  • Medverkande: Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson
  • Mål: å synleggjere kvinner sin rolle i utvandringa til Amerika
  • Støtta av Fritt Ord

Vågespel: Ein podkast om kvinnehistorie og migrasjon

Historiane som vert fortalde i Vågespel handlar ikkje berre om fortida—dei speglar også røynda til kvinner i dag som flyttar seg mellom kulturar, som kjempar for rettane sine og som byggjer seg nye liv i ukjende land. Dei er ei påminning om at migrasjon og kvinnekamp er uløyseleg samanvovne.

Eit blikk bakover – og framover

Når me ser attende på desse kvinnene, ser me ikkje berre livet deira – me ser også spor av våre eigne. Våre formødre. Dei levde liv som bana veg for dei fridomane me har i dag. Og kanskje viktigast av alt: historia deira minner oss om at likestilling ikkje er noko som er gjeve, men noko som må vinnast, gong på gong.

Så på denne kvinnedagen, lat oss minnast dei som gjekk føre. Dei som tok steget inn i det ukjende, som ikkje let seg stogga av strukturar eller forventningar. Og lat oss minnast at kampen deira ikkje er over – den lever vidare i oss.

Vågespel. Dette er historia deira. Dette er historia vår.

Fanebielte: Gisholt Machine Company factory, Madison, Wisconsin, 1918. John A. Johnson Papers. Norwegian American Historical Association, Northfield, Minnesota.

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.