Kven får plass i historia?

Om forteljarmakt og kvinnestemme

Leser no:

Kven får plass i historia?

Av Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

Kvinner i skuggen av bygdehistoria – og i utvandringshistoria

Kven er det som får forma historia? Og kven sine liv vert gløymde eller forstumma i dei forteljingane me arvar og byggjer identitetar på?

Gjennom bygdebøker, slektshistorier og lokalhistoriske verk har me i Noreg hatt ein rik tradisjon for å dokumentera og fortelja om fortida. Men i mange av desse kjeldene er det eit gjennomgåande mønster: kvinner si rolle vert ofte redusert, halde attende eller heilt usynleggjort.

Dette gjeld òg dei mange kvinnene som utvandra frå Noreg til Amerika mellom 1825 og 1925. Dei var døtrer, mødrer, enker og systrer – og mange av dei reiste aleine, som tenestejenter, arbeidssøkande, eller saman med familien sin. Likevel er det ofte mennene sine livslaup som har fått dominere dei skriftlege kjeldene, både i bygdebøkene heime og i emigrantforteljingane frå den nye verda.

I denne artikkelen vender me blikket mot historia si forteljarmakt. Me ser på språk, oppbygging og synsvinkel i lokalhistoriske kjelder, med utgangspunkt i tankar frå forskarar som Anna Tranberg og Liv Marthinsen. Me ser nærare på kva dette fortel oss om makta til å avgjera kva og kven som er verd å hugsa – og korleis desse strukturar òg pregar historia om utvandringa frå Noreg til Amerika. Dette er ikkje nye oppdagingar, men eit forsøk på å lyfta fram og gjera kjent eksisterande vitskapleg arbeid for fleire.

Kvinner i skuggen av slekta og utvandringa

Anna Tranberg syner korleis bygdebøker ofte lyfter fram slektsliner, eigedomsforhold og offentlege posisjonar som er knytte til menn. Kvinner vert nemnde som koner, døtrer eller enker, ofte utan namn, fødselsår eller eigne livslaup. Dei kjem fram i teksten berre i relasjon til menn, som ei parentes i forteljinga om slekta.

Språket i mange bygdebøker speglar dette: menn "styrer garden", "byggjer hus", "er med i samfunnslivet", medan kvinner "giftar seg med", "får born" eller "døyr". Det som kvinner gjer i det daglege – inntektsarbeid, omsorg, tradisjonsbering – forsvinn ofte i den meir offisielle forteljinga.

Dette mønsteret finn me òg att i mange av kjeldene om norsk utvandringshistorie. Kvinner vert ofte usynlege, eller berre nemnde i forbifarten, som reisefølge til menn, eller som dei som "vart att" i gamlelandet. Men me veit at mange kvinner utvandra på eige initiativ, og bar både økonomisk og sosialt ansvar for nyetablering i Amerika.

Forteljinga som ber makt

Historia handlar ikkje berre om hendingar, men om kva slags forteljing som vert bygd kring dei. Val av synsvinkel, kven som vert nemnd med namn, og kva gjeremål som vert trekt fram som viktig, er med og formar korleis me forstår fortida.

Når kvinner vert reduserte til småroller i slektshistoriane, handlar det ikkje berre om mangel på opplysningar, men òg om kven som har fått leggja fram og tolka historia. Forteljarmakta ligg ofte hjå menn, og med dette er det òg deira blikk som fargar bøkene. Desse tankane er del av eit breitt fagfelt innan kjønna lokalhistorie, der mange forskarar har peika på dei same strukturane.

Frå tystnad til spørsmål – òg i utvandringshistoria

Liv Marthinsen har i sitt arbeid sett nærare på korleis kvinner kjem til syne – eller ikkje – i bygdebøker. Ho fann at kvinner ofte berre dukkar opp i samanheng med rettssaker, til dømes saker om lauslivnad eller trolldom. Men kva med kvardagen? Kva med arbeidet, omsorga, ansvaret? Kva med alt det som gjorde at hjula gjekk rundt i ein familie og i eit lokalsamfunn?

Ho peikar på at mykje handlar om kva forfattaren vel å spørja etter. Spør ein etter eigedom, skatt og produksjon, får ein ofte menn. Men spør ein etter kven som gjorde det daglege arbeidet, kven som bar ansvaret, kven som faktisk fekk kvardagen til å gå rundt – då får ein eit anna bilete.

Språket speglar dette: "det vart baka", "ein laga ost", "man melka". Slike formuleringar fjernar mennesket frå handlinga. Ein veit at det var kvinnene som gjorde dette arbeidet – men dei får ikkje namn, ikkje stemme.

Og det same kan seiast om mange kvinnelege emigrantar. Kven førte hus i dei norsk-amerikanske heimane? Kven bar tradisjonar vidare? Kven tente som kokkar, hushjelper, jordmødrer og omsorgspersonar i nye og ukjende miljø? Desse forteljingane finst – men me må leita etter dei.

Kvinner som berebjelkar i migrasjonshistoria

Kvinner var heilt sentrale i det norske samfunnet, òg lenge før velferdsstaten. Dei tok vare på born, eldre og sjuke, dei stelte i fjøset og på kjøkkenet, dei arbeidde på garden og i heimen. Mange hadde òg betalt arbeid, som tenestejenter, bryggekoner eller ved sagbruk og fiskemottak. Likevel vert dei i mange bøker reduserte til "ho som melka" eller "ho som baka flatbrød".

Men tenk etter: viss mannen var borte heile vinteren på fiske, kven passa dyra? Kven stelte born, eldre og sjuke? Kven sikra ved og mat? Det var kvinnene. Dei bar lokalsamfunnet på ryggen – men vert sjeldan nemnde.

På same viset var det mange kvinner som bar heile hushald og lokalsamfunn i dei nye emigrantmiljøa. Utan deira innsats, tilpassingsevne og pågangsmot ville mange nybyggjarprosjekt ikkje ha lukkast. Dette er historier som treng å verta fortalde.

Nye innfallsvinklar

I dag ser me eit aukande engasjement for å gje plass til kvinnene sine livserfaringar i historia. Nye forskingsarbeid, lokale minnesamlingar og digitale forteljingar opnar for eit breiare kjeldemateriale og fleire stemmer. Det handlar ikkje berre om å "finna kvinner i kjeldene", men om å endra heile råma for kva me ser som viktig i historia.

Ved å stilla spørsmål ved kven som får vera hovudperson i forteljinga, og ved å lytta til dei som tidlegare vart teia i hel, kan me skapa ein meir open og sannferdig historiekultur. Dette gjeld ikkje minst i ei tid der mange leitar etter røtene sine og vil forstå korleis fortida verkar inn på liva våre i dag – både i Noreg og i etterkomarane sine liv i Amerika.

Spørsmålet me må ta med oss

Historia er ikkje fast. Ho er i stadig endring, alltid i rørsle. Difor er det viktig å spørja: Kven får fortelja? Kven si stemme vert høyrd? Og kva slags bilete av fortida vil me bera med oss inn i framtida?

Kjelder

  • Marthinsen, L. (1994). Kvinnene i den generelle by- og bygdehistorien. I A. Tranberg & H. Winge (Red.), Kvinnekår i det gamle samfunn: Ca. 1500–1850 (2. utg., s. 7–22). Norsk lokalhistorisk institutt.
  • Tranberg, A. (1994). Kjønn og språk i gards- og slektshistoriene. I A. Tranberg & H. Winge (Red.), Kvinnekår i det gamle samfunn: Ca. 1500–1850 (2. utg., s. 23–44). Norsk lokalhistorisk institutt.

Fanebilete: Biletet viser dei norskamerikanske utvandrarane John og Margret Bakken og dei to borna utanfor huset deira på prærien i Nord-Dakota i 1898. / The Miriam and Ira D. Wallach Division of Art, Prints and Photographs: Photography Collection, The New York Public Library. (1860 - 1920). A Sod House, North Dakota. Retrieved from The New York Public Library Digital Collections. 1860 - 1920.

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.