Frå den fullkomne garden - det fullkomne brotsverk

Leser no:

Frå den fullkomne garden - det fullkomne brotsverk

Av Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

I ei verd der mykje måtte byggjast frå grunnen, var evna til å stelle, koke, slakte og konservere heilt avgjerande for å overleve. Kvinner hadde ansvar for mat, reinhald, sjukestell, barnefødslar og hushaldsøkonomi – kort sagt alt som fekk ein heim til å fungere. Det som i gamlelandet var husmorkunnskap, vart i den nye verda ei livline. Kvinnekunnskap var ikkje berre kvardagskunnskap. Det var livskunnskap.

«For at kjøtet skal halde seg lenge, må det saltast godt og oppbevarast kjølig.»

– Hanna Winsnes

I 1845 blei det gjeve ut ei bok som skulle stå som eit monument over denne rolla: Lærebog i de forskjellige Grene af Huusholdningen av Hanna Winsnes. Ho gav kvinner detaljert rettleiing i alt frå matlaging og konservering til slakting, saum, pleie og ølbrygging – kort sagt dei ferdigheitene som trongst for å halda hus, heim og familie i gang. Dette var ikkje berre ei kokebok, men ei handbok for kvinners liv, orden og moral i ei tid då kvinnas domene var kjøkenet og hushaldet. Det er viktig å hugse at dei aller fleste nordmenn på den tida budde på landet, og ei kone og mor måtte difor òg kunna medverka i gardsarbeidet. Hushaldsstellet omfatta ikkje berre dei heimlege pliktene, men òg praktisk kunnskap som var avgjerande for å driva småskala jordbruk.

Hanna Winsnes ca. 1870

Winsnes understreka at ho ikkje skreiv boka fordi ho meinte seg betre enn andre, men fordi ho gjennom eiga uerfarenheit hadde sett kor viktig slik kunnskap var:

"Det var ikkje fordi eg trudde eg visste meir enn andre husmødrer at eg skreiv denne boka. Tvert imot – det var mi uerfarenheit i ungdommen, då eg pleia mi sjuke mor, som gjorde meg klar over kor vanskeleg det er å mangle kunnskap. Det vekte eit sterkt ønske i meg om å lære."

På overflata verkar historia om Belle Gunness – ei norsk kvinne som utvandra til Amerika og vart kjend som ein av verdas mest myteomspunne seriemordarar – fjern frå den moralske kokeboka til Winsnes. Men nettopp i kontrasten mellom dei to kvinnene ligg det ei forteljing som kastar ljos over kva rolle kunnskap, forventingar og kjønn spela i eit kvinneleg livsløp på 1800-talet. For kva skjer når den same kunnskapen som skulle sikre liv og omsorg, vert nytta til å manipulere, skjule og ta liv?

Det finst ingen dokumentasjon på at Belle Gunness las Winsnes si bok, men ho vart fødd i 1859 – i ei tid der boka allereie hadde vore i omløp i over ti år, og var inne i sitt fjerde opplag. Fyrste utgåve kom i 1845, og nye opplag følgde tett: 1846, 1848 og 1860. Det seier mykje om kor populær og utbreidd boka var. Ho vart nytta i mange norske heimar, særleg i familiar med visse ressursar og ambisjonar – både i borgarskapen og i sjølvberga bondehushald.

Winsnes si bok representerte eit ideal og ein type lærdom som var meir enn berre ein trykt tekst – ho spegla ein brei tradisjon, der mykje også vart overført munnleg eller gjennom praktisk opplæring frå mor til dotter. Difor kan ein med rimeleg tryggleik hevde at Gunness vaks opp med ein variant av det same kunnskapsgrunnlaget: korleis ein held hus, tek ansvar, og utøver makt i det stille. Og nettopp fordi boka hennar fekk så stor utbreiing og kom i fleire opplag over kort tid, er det også rimeleg å sjå Winsnes si lærebok som eit tidsriktig bilete på kva slags kunnskap husmødrer var forventa å meistre.

Denne artikkelen ser nærare på det som var vanleg kunnskap for kvinner i Winsnes si samtid – og kva som skjer når denne kunnskapen vert nytta i heilt andre, mørkare samanhengar. Kva seier det om samtida – og om kor sårbar grensa mellom orden og kaos kan vera?

Hushald som makt og kontroll

Hanna Winsnes si kokebok handlar ikkje berre om oppskrifter og reingjering. Ho er eit dokument over korleis hushaldet vart organisert og styrt, med kvinna som øvste leiar i ein liten husstandspyramide. For at ting skulle flyte, måtte ho ha oversikt over alt: frå kven som hadde ansvar for mjølkekar, til korleis blikkgryter skulle pussast, og når det var rett tid å kjøpa inn varer.

«For å rengjere ein kjele som har vore nytta til feittete ting, særleg ved slakting, nyttar ein sagflis, varmt vatn og grov sand, og skrubbar med ein bjørkekvast.»

Hanna Winsnes

Winsnes skriv at ei god husmor ikkje skal overlate viktige oppgåver til tenestefolk før ho er sikker på at dei kan litast på. Ho råder også til å halde regelmessig kontroll over kjøkenutstyret, ikkje for å straffe, men for å skapa ansvarskjensle og respekt. Hushaldet vert framstilt som eit lite system der orden, arbeidsdeling og oversikt er heilt avgjerande. Dette speglar ein tidsperiode der kvinner i liten grad hadde makt i det offentlege, men skulle utøva fullt ansvar og kontroll i det private rom.

«Når ein slaktar ein gris, bør ein tappa han for blod i god tid og leggje han på eit skråplan, slik at alt blodet renn ut. Deretter vert han partert nøyaktig etter ledda.»

– Hanna Winsnes

Mellom dei meir handfaste råda finn me instruksjonar om korleis ein skal koka suppe på kalvehovud, gjere reint med varmt sandstrø, sy krage på herreskjorte, konservera rabarbra i sukkerlake, og slakta gris på rett vis. Ho forklarer korleis ein syr puter med halm, korleis ein legg opp hushaldsbudsjett for vinteren, korleis ein oppseder born, og korleis ein steller eit sjuk husstandsmedlem.  

Alt dette er kunnskap som gjorde kvinna til nykkelen i hushaldet – ein kombinasjon av pleiar, leiar, økonom og arbeidsformann.

Med andre ord: kunnskapen som vart forventa av kvinner, var ikkje berre praktisk, men strategisk. Det handla om logistikk, leiiing, økonomi og motivasjon. Men denne kunnskapen fungerte òg som ei avgrensing – eit sett med krav som batt kvinner til det usynlege arbeidet i heimen, utan rom for avvik eller fridom. Det var kunnskap som kunne gje tryggleik, men òg definere grensene for eit liv.

Det er difor ikkje overraskande at ei kvinne som Belle Gunness, som truleg vaks opp med desse forventingane, kunne bruke delar av denne kompetansen i heilt andre og langt meir urovekkande samband.

I Winsnes si verd var kontroll ein dyd. I Gunness si verd vart kontroll eit verktøy for manipulering og skjuling. Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis same type kunnskap kan forgreine seg i ulike retningar, avhengig av livsvilkår, makt og motiv.

Kva kunne ei husmor ha i skapet – og på låven? Desse stoffa kunne heilt lovleg vere ein del av hushaldet på 1800- og tidleg 1900-tal – og ingen ville nødvendigvis reagert.

I ei kvinneleg verd prega av sjølvberging og manglande tilgang til moderne medisin, var slike stoff ein del av verktykassa. Og i Gunness sitt tilfelle, reagerte heller ingen på at ho ofte kjøpte store mengder parafin og drivstoff som kunne nyttast til brenning av avfall – eller lik. Slike stoff var tilgjengelege for praktiske formål, men kunne like lett nyttast til å utslette spor. Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis same type kunnskap kan forgreine seg i ulike retningar, avhengig av livsvilkår, makt og motiv. I Gunness si verd vart kontroll eit verktøy for manipulering og skjuling.

Eit stille hushald – og ei stille utrydding

Med utgangspunkt i Hanna Winsnes si kokebok ser me korleis 1800-talets husmorkunnskap ikkje berre handla om trivielle syslar, men om kontroll, orden og overleving. Det var kunnskap for liv. Men i møte med historia om Brynhild Paulsdatter Størseth, betre kjend som Belle Gunness, møter me eit forvrengt spegelbilete av dette hushaldsidealet.

Gunness vaks opp i eit nøkternt og strengt regulert heimemiljø i Selbu, der kvar einaste ferdigheit og ressurs var avgjerande for familiens overleving. Frå oppveksten kunne ho lage mat, halda huset reint, setja opp budsjett og ta seg av sjuke og gamle. Ho utvandra i ung alder til Amerika og budde ei tid hos systera si og svogeren i Chicago, der det vert sagt at ho arbeidde hjå ein slaktar. Denne perioden utvida truleg både den praktiske kunnskapen og sjølvstendet hennar, før ho gifta seg i 1884. Etter kvart etablerte ho seg som gardskone og enkje i La Porte County, Indiana. Den kunnskapen ho hadde tileigna seg – både frå Noreg og frå dei første åra i Amerika – vart gradvis eit reiskap for makt.

I Winsnes si verd heiter det at ei god husmor "aldri overlater viktigare forretningar til ei tenestejente før ho er fullt overtydd om at ho er påliteleg." Belle Gunness, derimot, valde å gjere alt sjølv: slakting, konservering, budsjettkontroll, utsmykking og sosial iscenesetjing. Utad framstod ho som ei pliktoppfyllande, arbeidsam kvinne – ei sørgjeleg enkefrue og kjærleg mor. Ho serverte tradisjonelle rettar som trøndersodd til dei mange mennene ho lokka til garden sin, og utnytta si evne til å organisere hushaldet til å dekke over spor. Hushaldskunsten vart eit dekke for drap.

Winsnes var oppteken av matlaging som kunst og økonomi – det å koke kalvehovud til suppe, sylte rabarbra eller planleggje vinterlager. Gunness nytta desse ferdigheitene til å skape tryggleik og forventning hjå dei som kom på besøk – før ho forgifta dei, og forsvann med verdiane deira. Ho visste korleis ein slaktar, korleis ein lagrar – og korleis ein skjuler.

Winsnes la vekt på nøyaktig rekneskap og oversikt over forbruk, år for år. Gunness var ein meister i forsikringssvindel, endring av testament, og pengestraumar som var vanskelege å spore. Der Winsnes skreiv opp hushaldsutgifter, skreiv Gunness namn på nye offer i notisboka.

Reingjering var hjartet i Winsnes sitt system: ein måtte halde orden, vaske korrekt, bruke rett verkty og metode. Gunness nytta same disiplin – men for å fjerne spor. Kalk, jord, rutine. Ho hadde full oversikt. Det var ikkje tilfeldig.

Frå historiske kjelder veit me at ho flytta pengar, skjulte lik, og visste når ho skulle veksle mellom omsorg og kulde. Ho nytta hushaldskunsten som psykologisk og fysisk kontrollmekanisme. Alt vart haldt i orden, heilt til garden hennar brann ned i 1908 og avsløringane byrja.

Winsnes rådde til å ta ein fast dag i veka for å inspisere hushaldet. Gunness gjorde det same, men for å sikre at ingen lik stakk opp av jorda.

Det er i denne parallellen me ser kor skjør grensa er mellom det omsorgsfulle hushaldet og det kontrollerte rommet for systematisk utrydding. Kvinnekunnskap, slik Winsnes forstod ho, kunne vera frigjerande. For Gunness vart den eit verktøy for terror. Og kanskje nettopp difor er det viktig å ikkje bagatellisere hushaldet si historie. Historiene om Winsnes og Gunness er ikkje berre kvinnehistorier. Dei er forteljingar om korleis kunnskap former liv. Dei utfordrar oss til å sjå på det som verkar smått – som mat, orden og stell – med nytt blikk. For i det stille hushaldet ligg også ei stille kraft.

Hanna Winsnes (1789–1872) var ein pioner innan husstell og litteratur. Ho er i dag mest kjend for si banebrytande kokebok Lærebog i de forskjellige Grene af Huusholdningen frå 1845, som kombinerer oppskrifter med råd om alt frå slakting og sjukestell til økonomi og barnestell. Boka vart eit viktig bidrag til å profesjonalisere husmoryrket, og fekk ei lang rekkje opplag. Winsnes var òg Noregs første kvinnelege romanforfattar, og skreiv under pseudonymet Hugo Schwartz. I alt ho skreiv, lyfta ho fram verdien av orden, kunnskap og Guds forsyn i kvardagslivet.

Belle Gunness (fødd Brynhild Paulsdatter Størseth i 1859 i Selbu) vaks opp under enkle kår og måtte tidleg ut i arbeid. Etter emigrasjonen til USA i 1881 etablerte ho seg som gardskone i Indiana. Ho vart etter kvart mistenkt for ei rekke forsvinningar og dødsfall, ofte knytt til menn ho hadde annonsert etter med ekteskapsføremål. Ho er rekna som ein av dei mest berykta seriemordarane i amerikansk historie. Etter ein brann på garden hennar i 1908 vart det funne fleire titals menneskelevningar, men Belle sjølv forsvann – og vart aldri med sikkerheit identifisert. Historia hennar har fascinert både presse og forsking, og grensar mellom offer, overlever og drapskvinne er framleis eit mysterium.

Kjelder:

Hareide, J. (2009). Hanna Winsnes. I Norsk biografisk leksikon.

​​Melien, H. (1978). Belle Gunness: massemordersken fra Selbu. Oslo: Grøndahl.

Shepherd, S. E. (2005). Gåten Belle Gunness: Seriemordersken fra Selbu (S. B. Løken, Overs.). [Oslo]: Schibsted. (Opprinnelig utgitt som The Mistress of Murder Hill)

Store norske leksikon. (u.å.). Belle Gunness.

​TV 2. (2020, April 25). Brynhild (49) lokket med sex og trøndersodd – 40 menn ble grisemat. TV 2. ​

Winsnes, H. (1860). Lærebog i de forskjellige Grene af Huusholdningen [Lærebog i de forskjellige grene af husholdningen]. Christiania: Wulfsberg.

Subscribe

OPPDATERING PÅ E-POST

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

*We’ll never share your details.

Join Our Newsletter

Get a weekly selection of curated articles from our editorial team.

Thank you for subscribing!
Oops! Something went wrong while submitting the form.