Performance

Røyster mellom to land er ei varm og kraftfull konsertframsyning om val, draumar og uthald. Ho lyftar fram stemmer som ofte har stått i skuggen av dei store historiene – og let dei få klinga klårt.

Om konsertframsyninga
Røyster mellom to land tek publikum med inn i eit rikt og sanseleg univers der arbeid, kvardag og store livsendringar glir over i kvarandre. Gjennom song, forteljing og levande historisk materiale møter me kvinner frå Vestlandet som, i hundreåret 1825–1925, valde – eller av ulike grunnar måtte – reisa frå Noreg og søkje eit nytt liv i Amerika.

Framsyninga vekslar mellom varme, humor og rå røyndom. Me får glimt av både det nære og det dramatiske: pakkelister sende frå Amerika, tronge lugarar, uver på havet, lange togreiser – og dei første møta med eit framandt kontinent.

I dette landskapet av arbeid, mot, frykt og von er det songen og forteljinga som bind alt saman. Musikken gjev stemme til det som ikkje alltid let seg seia, medan forteljingane dreg oss tett på livsvala, saknet og håpet. Gjennom heile framsyninga ligg òg spørsmålet om tilhøyrsle: Kvar høyrer me heime når livet har rive oss opp med rota?

Premieren finn stad 8. mars 2026 i Emigrantkyrkja på Radøy – eit rom som sjølv har vore på reise, ei norsk kyrkje frakta heim att frå Amerika. I samband med premieren vil Gunnstein Akselberg halda ei innleiing i tilknyting til framsyninga.

Framsyninga er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som hadde premiere 8. mars 2025 – på den internasjonale kvinnedagen – i samband med utvandrarjubileet. Eitt år seinare, 8. mars 2026, møter podkasten scenen i konsertframsyninga Røyster mellom to land, og gjev nytt liv til forteljingane gjennom song, stemme og levande møte med publikum.

Contributors
Reidun Horvei – manusutvikling, song og forteljing
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – manusutvikling, komponist og piano
Katherine Jane Hanson – manusutvikling

18 Mar
WED

6:00 PM – 8:00 PM

Voices Between Two Lands

I samarbeid med Eidfjord sogelag og Eidfjord offentlege bibliotek

Galleri N. Bergslien, Eidfjord

06 Jun
SAT

TBA

Voices Between Two Lands

4-7. juni Sandnesfest, Masfjorden – dato og billettlenkje kjem

Masfjorden

TBA

11 Sep
FRI

TBA

Voices Between Two Lands

Onarheim kyrkje

TBA

13 Sep
SUN

2:00 PM – 3:15 PM

Voices Between Two Lands

Utstein kloster, Stavanger

TBA

15 Sep
TUE

7:30 PM – 9:00 PM

Voices Between Two Lands

Sola Ruinkyrkje, Sola

20 Sep
SUN

TBA

Voices Between Two Lands

Fredheim kulturbedehus, Fusa