– å bera to land i seg, med minne, kyrkjesong og kjærleik
Bertha frå Balestrand reiste – mot sin vilje – til Amerika som 18-åring. Heile familien reiste, etter påskunding frå stemora Britta: faren, stemora, to små sysken og to utvandra onklar som var på vitjing i Balestrand.
”No sat ho i Amerika, ei gammal kvinne, og såg ut på ein annan hage, i eit anna land, med andre fuglar. Men fjorden var der framfor henne – ikkje i røynda, men som eit klårt og brennande bilete. Og i tanken hennar byrja historia att, som ho ofte gjorde når ho sat slik: den dagen onklane kom heim, med blanke støvlar og snakka om noko stort som venta på andre sida av verda. ” (s. 76 i Hugs kvinnene!).
Bertha hadde mist mor si medan ho var lita, og voks opp saman med bestemora Tolvang og faren Johannes, som var treskjerar. Han hadde studert i Tyskland, bygt eit særmerkt hus med treverkstad, store rom og rennande vatn, og sørgt for at Bertha fekk privatundervisning av prestefrua Sverdrup før ho byrja på skulen, og at ho seinare lærde engelsk i Nordfjordeid.
I Amerika møter Bertha kjærleiken, i kyrkjekoret. Ho og mannen hennar får dottera Jane. Dei lever eit stille liv, først i Seattle og seinare i Memphis, Tennessee – ein stad mange av oss nok kjenner att og nikkar til, takka vere Chuck Berry og Elvis.
Bertha Sylliaasen er ei av dei kvinnene som slo seg ned og fann seg heime i Amerika. Ei kvinne som syng, og som kjem attende til Balestrand og ser utover fjorden saman med barnebarnet sitt. Og barnet spør: ”Bestemor, har du sakna det her?” […]. Bestemor Bertha svarer: ”Eg har bore det med meg.” (s. 89).
I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.
Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.
meir…
I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet.
Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025
Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.


