– Lena Silver Lyngdal sitt ”stille rike av omsorg, disiplin og varme” (s. 56 i Hugs kvinnene!)
”Amerika! Det ordet hadde lenge vore som ein draum, ein fjern idé forma av brev og lengsel. Men då dei steig i land, var det ikkje draum – det var støy, lukt, språk ho ikkje hadde opplevd før. ” (s. 51 i Hugs kvinnene!).
Erfaringa er den 16 år gamle Lena si, då ho kjem i land saman med mor Asgjerd og alle syskena etter ei båtreise på elleve dagar. Undervegs på reisa held, voggar og trøystar Lena ein gråtande baby i armane sine, då ei medreisande einsleg mor ikkje orkar meir. Ved ankomsten held Lena veslesyster Marie tett inntil seg. Tre månader seinare tek Lena over og passar syskena sine, då mora får eit nervøst samanbrot:
”– Eg skal ta vare på dykk. Alle saman! Ho visste ikkje korleis. Men ho visste at det måtte gjerast. » (s. 52). Lena vert sjølv mor til tre barn og steller for dei åleine, då mannen hennar er meir ute og på reise enn heime.
”Så byrja ho ta imot folk. Pasientar, sa ho. Gamle, sjuke, einsame. Ho stelte dei, vaska dei, laga mat, bar vatn. Ho meldte seg i eit register, og legane byrja ringa. Før ho visste ordet av det, dreiv ho ein eigen liten pleieheim i stova.” (s. 55). I 1929 melder Lena seg og tek til med å pleie og ta seg av sjuke og einsame kvinner og menn i heimen sin. ”Eit stille rike av omsorg, disiplin og varme” (s. 56).
Lena Silver Lyngdal dør i 1994, 105 år gammel.
I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.
Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.
meir…
I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet.
Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025
Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.


