– ikkje ein ynskt son, men ein sjukepleiarengel i Amerika!
Fridomsgudinna – med grøn flamme – møter Gjertine ved ankomsten til Amerika i 1925. «Ho hadde aldri sett noko så stort, så urørleg, og samtidig så levande. Bak henne låg havet. Framfor henne – Amerika.» (s. 92 i Hugs kvinnene!).
Gjertine er frå Huftaøy – om lag 45 km sør for Bergen – og dotter av ein mann som er båtbyggjar og bondeson, og som har bruk for ein son. Gjertine er 15 år og spør faren om pengar til utdanning, men får til svar: ”– Hadde du vore ein gut, så skulle du fått alt du ville.” (s. 91 i Hugs kvinnene!). Mor Kari gjev henne pengar, og Gjertine kjem inn på sjukepleiarskulen i Bergen. Tre år seinare reiser ho til Amerika med eksamensbevis og Bibel i veska, og pengar sydde inn i beltet rundt livet. Ho kjem til Minneapolis og får arbeid som sjukepleiar. Ho les Salmane og vert av pasientane kalla ”our Norwegian angel” (s. 93). Ho lærer engelsk – og meir frå bibelvers enn frå ordbøker – og skreiv ned alt ho høyrde, og svara med aksent og tyngd.
Ein vinterkveld står ho ved vindauget og ser ut på snøveret og tenkjer: «Eg høyrer til her. Ikkje fordi eg forstår alt, men fordi eg vil forstå.» (s. 93).
Ho møter Øystein. Dei gifter seg og flyttar ut til garden til Øystein, utan straum og innlagt vatn, i Marlin i Washington – ei støvete, lita slettelandsby, eit slikt stad der ingen skulle tru at nokon ville bu. Gjertine anlegg hage og held høner. Ho og Øystein får ein son, og for hans skuld flyttar dei til Spokane, der ho blir leiar ved sjukehuset Riverview Terrace. ”Her vil eg bu, og her vil eg døy”, sa ho fyrste gongen ho såg byen (s. 95). Og det skjer: i 1990, i ein alder av 86 år.
I dagane fram mot jul møter me kvar dag éi av dei ti norske kvinnene i boka. Dei representerer ei stor og mangfaldig gruppe kvinnelege røyster som først no, i 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika, byrjar å kome til orde.
Boka Hugs kvinnene er no tilgjengeleg

Boka Hugs kvinnene: sådd i fortida, hausta i framtida gjev ordet til nokre av dei norske kvinnene som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Gjennom levande attforteljingar møter du liv som strekk seg frå fjell og fjord til aude land og store byar- og som framleis rører oss i dag.
meir…
I norsk utvandrarsoge fekk kvinnene lenge liten plass- men dei bar like mykje som menn: born, språk, von, arbeid, kvardag, samhald. Hugs kvinnene! er ein del avVågespel– ei satsing som lyfter fram røystene til eit utval av norske utvandrarkvinner frå Vestlandet.
Pocketbok · 116 sider
Forfattarar: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei
Originalspråk: nynorsk
Omsetjing: Katherine Jane Hanson
Forlag: Onen Studio
Utgjevingsår: 2025
Den engelske versjonen er kun tilgjengeleg i USA.


