
Me er stolte og takksame for å ha motteke tilsagn frå Fritt Ord til vidareutviklinga av prosjektet Vågespel. Denne stønaden er eit fantastisk bidrag til arbeidet vårt. Midlane gjer det mogleg for oss å fordjupe oss i kjeldemateriale, utvikla manus og musikk, og byggja vidare på det kunstnarlege uttrykket som skal løfta Vågespel frå idé til ei…

Bygd over intervju med Anna Tobiason (1893-1992) Det var røyk overalt. Ein seig, saltblanda dis som la seg i håret, i huda, i tankane. Anna stod ved stålbenken med hendene i arbeid. Fisken skulle tres på stålpinnar, ein og ein, i same rytmen, dag etter dag. Rørsla sat i håndleddet, ikkje i tankane. Tankane…

I denne siste episoden av Vågespel spør me: korleis kan historiane om dei norske utvandrarkvinnene utvida vår eiga forståing av migrasjon i vår tid? I dei tidlegare episodane har me høyrt om norske kvinner frå 1800-talet som våga å kryssa havet, borne av håp og vilje til å skapa seg eit nytt liv i eit framandt…

I denne episoden vender me blikket mot det kvinnene bygde. Me møter igjen kvinenne frå tidlegare episodar – Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Rakel Tonette Atlaksdatter og fleire som bar kvardagen i det norsk-amerikanske samfunnet – gjennom spinning, baking, saum og song. Gjennom levande skildringar, brev og minne får me eit nært møte med…

Av Lori Ann Reinhall Når du reiser vestover på det nordamerikanske kontinentet, oppdager du funn frå fortida i tettstadar som vart busett av norske innvandrarar. I nokre tilfelle kan det berre vera ei avsides kvit trekyrkje med tårn, eller kanskje ei statue eller minneplakett, men i andre høve har etterkomarane til dei fyrste norske…

Me er glade og takksame for å kunne dele at prosjektet Vågespel har motteke eit viktig bidrag frå Sparebanken Norge. Stønaden er er eit vesentleg løft som hjelper oss vidare i arbeidet med å realisere turneen vår . Me hadde heller ikkje fått denne stønaden utan vår gode samarbeidspartnar Vestnorsk Utvandringssenter. Det set me svært…

Bygd over intervju med Henrikke Blomlie (1893-1981) Klokka var berre tre då han reiste. Eit bleikt, blågrått ljos låg over snøen, og himmelen hadde det same kalde draget som andletet hans då han stod i døra og sa det ikkje fanst nokon annan utveg. Presten måtte fram. Ho stod att med døra på gløtt.…

Bygd over intervju med Elisa Myklebust (1893-1988) Tida gjekk etter sol og skugge, ikkje etter klokke. I Valdalen, mellom bratte lier og seige myrar, låg Muriås, garden der Elise voks opp. Det var eit stort hus med torvtak og lange benkar langs veggen, der systrene sat med hendene i fanget og såg mor i…

I denne episoden ser me korleis forventningar, kjærleik og fridomen til å ta eigne val vart avgjerande i liva til norske utvandrarkvinner. For nokre låg neste steg som ein invitasjon i eit brev—eit bilete, eit løfte, eit håp. Me får høyre om det enkle præriebryllaupet til Lina Svåi og ekteskapet til Inga Brekke med…